Ledig stilling:

Er du ein initiativrik og erfaren branningeniør?

https://230936.webcruiter.no/Main/Recruit/Public/4383256804?language=nn&link_source_id=0&showExpired=False

Fakta om stillingen:

Søknadsfrist:09.08.2021

Arbeidsgivar:Forsvarsbygg

Stad:Stjørdal

Stillingstittel:Fagingeniør brann

Stillingar:1

Heiltid / Deltid:Heiltid

Tilsetjingsform:Fast

Stillingsprosent:100 Webcruiter-ID:4383256804

Har du erfaring med brannrådgiving og/eller brannførebyggande arbeid? Har du lyst på ei utfordrande stilling i ein stor og spennande organisasjon? Då er dette rett stilling for deg! Vi i Forsvarsbygg ser no etter deg som vil bli vår nye fagingeniør brann og som kan ta hand om viktige oppgåver i samsvar med offentlege krav til brannvern. Du vil bli vårt bindeledd til kommunale brannsjefar, til våre leigetakarar og andre relevante samarbeidspartnarar. Forsvarsbygg tar vare på Forsvaret si eigedomsportefølje i regionen. Det betyr at vi forvaltar, drifter, vedlikeheld og utviklar eigedomane. Arbeidsstad vil vere Værnes eller Ørland. Noko reiseverksemd må påreknast.

Forsvarsbygg ligg under vilkåra i offentleglova – jamfør særleg offentleglova § 25. Les meir om Forsvarsbygg på vår nettside www.forsvarsbygg.no og på våre karrieresider: www.forsvarsbygg.no/jobb.

Arbeidsoppgåver

  • Følge opp sikkerheitsarbeidet innan brannvern i regionen
  • Utarbeide risikovurderingar innan fagfeltet
  • Bidra og delta i produksjon av tilstandsanalysar
  • Bistå driftsavdeling med faglege vurderingar og rettleiingar
  • Delta på tilsyn med kommunale brannvesen
  • Ha oversikt over og bidra til å sikre at internkontroll innan branntekniske fag blir gjennomført
  • Utarbeide behovsbeskrivingar i samband med vedlikehaldstiltak og bestillingar frå leigetakarar
  • Bidra til fagleg oppdatering innan VVS, brann, elektro og andre fagområde når det gjeld branntekniske spørsmål
  • Delta i fagsamlingar
  • Gi fagleg bistand ved inngåing av nye rammeavtalar med leverandør
  • Halde deg oppdatert på- og sørge for at regionen følger lovverk og forskrifter innan fagområdet
  • Gi råd innan branntekniske fag
  • Kvalitetskontroll av FDV
  • Oppfølging av drivstoffanlegg

    Kvalifikasjonar
  • Relevant ingeniørutdanning på universitet-/høgskulenivå med bachelorgrad. Lang og relevant erfaring kan kompensere for manglende utdanning
  • Relevant erfaring frå for eksempel brannrådgiving og/eller brannførebyggande arbeid
  • Behersker norsk skriftleg og munnleg
  • Førarkort klasse B
  • Det er ønskelig med:
    • erfaring frå forvalting, drift og vedlikehald av eigedom, bygg og anlegg
    • erfaring innan drivstoffanlegg
  • Du må kunne tryggingsklarerast og autoriserast for nivå Hemmeleg/NATO Secret

    Personlege eigenskapar
  • Du jobbar godt sjølvstendig og er initiativrik
  • Du jobbar strukturert og målbevisst
  • Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Du er kundeorientert og du evner å etablere gode kunderelasjonar

    Vi tilbyr
  • Lønn som overingeniør/senioringeniør (1087/1181) frå kr. 594 300,- til kr. 689 600,- (ltr. 65 - 73). Endeleg lønnsplassering vil bli gjort etter ei vurdering av kvalifikasjonar
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse med gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • Faglege utfordringar og spennande arbeidsoppgåver
  • Godt arbeidsmiljø
  • Fleksibel arbeidstid
  • Bedriftsidrettslag med varierte aktivitetar
Powered by Labrador CMS